|
For å lese vår tilbakemelding til Statnett sin søknad og konsekvensutgreiing ber vi deg laste ned dette som eit pdf dokument:
Last ned vår siste tilbakemelding (pdf dokument) til Statnett her!
Bakgrunnsartikkel: Dei ulike luftlinjetraseane som er meldt i melding om 420 kV-ledning Ørskog-Fardal går alle i eit særeige naturmiljø som ein kun finn to stadar i Noreg. Kombinasjonen mellom spisse tindar, små brear og fjord/hav – finn ein kun på Sunnmøre og i Lyngen.Skilnaden mellom Lyngen og Sunnmøre er at i Sunnmøre kjem dei opplevde kontrastane i landskapet endå klarare til syne gjennom eit frodig skogsbelte som går heilt opptil 600 meter over fjorden.
SunAlp mountain guides ser det som umåteleg viktig å verne Sunnmørsalpane for naturinngrep som endrar dette naturmiljøet. Argumentasjonen for det er både på grunnlag av naturverdien av dette unike landskapet i seg sjølv, og turisme som ei viktig drivkraft for å ta vare på bygdene og bevaring av eit levande kulturlandskap.
Meldinga viser til 2 hovudalternative trasear, omtalt som eit ytre alternativ (1) og eit indre alternativ (2). Begge desse alternativa med underalternativ går gjennom områder med så store konsekvensar for natur, miljø- og omsyn til friluftslivsinnteresser at dei to alternativa for luftlinje ikkje kan vegast mot kvarandre.
Vår tilråding er difor at kraftleidningen må bli lagt via kabel.
Last ned heile uttalen til SunAlp som eit pdf-dokument her!
Naturvernforbundet sitt referat frå Folkemøte mot krafleidninga 30.08.2006
|