Opplev det beste Noreg har å by på av off-piste kjøring!
Strandafjellet skisenter er aleine verdt turen til SunnmørsAlpene! Og når du kan kjøpe Alpepasset og i tillegg til Strandafjellet besøke 6 andre flotte heisanlegg så må dette vere Noregs beste off-piste deal!
Eksempel på 3 dager med Off-piste i Sunnmørsalpane På desse 3 dagane tek vi deg med til noko av den beste off-piste skikjøringa Noreg har å by på! Vi er ein dag i Strandafjellet skisenter, ein dag i Sunnmørsalpane skiarena Fjellsetra og ein dag i Arena Overøye!
Dette er ein kombinasjon av rein off-piste guiding og litt skredopplæring.
Hovudvekta av opplæring som blir gitt går på enkelthengvurdering – kjøre eller ikkje kjøre? Vi vil praktiser gode kjøremønster i skredterreng og ved skogskjøring. Det blir mykje kjøring og mykje mindre fokus på kameratredning enn ein kan forvente ved eit vanleg skredkurs. Med tanke på felles tryggleik må alle sjekkast ut med sendar/mottakar før vi kjører første turen.
.
Vi overnattar på koselege Stranda hotell!
Når du kjem frå ski og kjem tilbake til hotellet så brenn peisen i lobbyen og du har tilgang til hotellet sitt symjebasseng for eit oppkvikkande bad og badstue. Før du eventuelt nyt ein betre middag i hotellet sin restaurant
Det er ingen grunn til å reise til Alpane for å finne laussnø. Sunnmørsalpane har eventyrlege skiforhold og mykje mindre folk!
Førebels program:
Dag 1
Alle bør prøve å komme til Stranda hotell innan kl 2000 Informasjon, teori og motivasjon!
Dag 2
Frukost Felles avreise til Stranda skisenter* Utsjekk på sendar/mottakar Off-piste kjøring og guiding i grupper med eigen guide Afterski i den koselige lobbyen på Stranda hotell
Dag 3
Frukost Felles avreise til Sunnmørsalpane skiarena Fjellsetra* Off-piste kjøring og guiding i grupper med eigen guide Afterski i den koselige lobbyen på Stranda hotell
Dag 4
Frukost Felles avreise til Arena Overøye* Off-piste kjøring og guiding i grupper med eigen guide Med eit lite atterhald så disponerer du rommet på hotellet til vi kjem att frå ski. Dersom du må sjekke ut av rommet før avreise til ski, så får du sette igjen bagasjen og nytte garderobene ved svømmeanlegget for ein dusj før avreise.
* Kva skianlegg vi nyttar på den einskilde dagen kjem an på kva skianlegg vi meiner har dei beste forholda. Kva dag vi fer til dei ulike skianlegga kan derfor bli anna enn oppgitt.
Stad Stranda-, Sykkylven- og Stordalkommune
Tidspunkt: Etter nærare avtale!
Overnatting: Halvpensjon på Stranda hotell
Kontaktperson i SunAlp: Christer Lundberg Nes Mobil + 47 90 93 48 84 christer(a)sunalp.no
Gjer vel å bytt ut (a) med @ for å få epostadressa til å virke!
Personleg utstyr som du må ha med:
Ski, skisko og stavar
Slalombriller
”Skisekk” til skredredningsutstyr; spade og søkestang
Sendar/mottakar, spade og søkestang (kan lånast av SunAlp)
Vi tilrår at du nyttar hjelm og evt anna beskyttelsesutstyr ved off-piste kjøring
Kontakt oss i dag for tilbod!
SunAlp er godkjent som NF-arrangør på nivå 1, og jobber etter Norsk Fjellsportforums nasjonale standard